Publisert: 18.10.24 av Anders Medhus
Lesetid: 3min.
Verdas høgaste potetgull
Kva verdi har det å sende ein pose Kantefølflak til toppen av verdas høgaste fjell, Mount Everest? I eit reint sponsorat, der vi var med og støtta Frank Løke til toppen, er reknestykket veldig enkelt, men verdiar handlar ikkje alltid om kroner og øre.
Det mest verdifulle for oss, er at vi kan bidra til ein litt betre kvardag – anten det er ei sprø belønning på toppen av eit fjell, å inspirere folk til å oppleve naturen sjølv, eller at vi bidreg til mangfald der du handlar snacks.
I pose og sekk - saman for små heltar
I sommar, under boklanseringa til Frank Løke, fekk vi ein sjanse til å bidra til noko større enn oss sjølve. Etter signeringa tok Frank meg til side og drog fram ei gåve han hadde spart på.
Fram kom ein halv pose flatpakka potetgull.
- Sjå her. Denne blei med til toppen og tilbake.
Då Frank skulle bestige Mount Everest, var vi så heldige å få vere med som sponsor. Vi ønskte at Tyting og rømme skulle vere den posen som blei eten på toppen av verdas høgaste fjell. Vi hadde trass alt allereie bestege K2 med ein annan smaksvariant, Fjellsalt, eit par år tidlegare. Også den gongen med Frank.
Då vi først skulle vise verda kva posisjon vi har, var det jo opplagt at vi måtte ta med den mest spesielle smaksvarianten – Tyttebær og rømme. Begge posane nådde toppen, og vi takkar tolmodige sherpaer og Frank for det!
Elektronikk og ekstreme forhold er ikkje alltid den beste kombinasjonen. 15 sekundmeter vind og 40 minusgrader gjer sitt. Men vi var heldige og fekk eit filmklipp av Fjellsalt-posen på toppen. Ein av sherpaene filma, og ein annan åt chips som om det var ein vanleg norsk sommar. Frank rakk å seie "Best chips ever" før batteria, teknologien og tryggleiksbestemmingar måtte gi etter. Tyting-posen blei verande i sekken, men den kom heldigvis med tilbake til Noreg etter å ha vore på 8849 meters høgd.
Seinare bestemte vi oss for å donere denne unike posen til eit veldedig formål. Den blei stilt ut som eit lite kunstverk på kontoret vårt på Torpomoen fram til i haust. Monteret har fått mykje merksemd – det er jo trass alt "gull", signert av Frank Løke.
Når krona og øret likevel tel
NRK TV-aksjonen plukka opp tipset om at denne posen kunne bidra til årets aksjon for Barnekreftforeininga.
Då posen blei lagt ut på auksjonen.no (for TV-aksjonen), såg det lenge ut som om den kom til å ende ein stad mellom 3 og 5 tusen kroner. Eit flott bidrag til ei viktig sak. Men så kom 10-tusenlappane.
Budrunden slutta på kr. 100.000,-
Helt vanvittig! Tusen takk til alle som følgde budrunden.
Vi er veldig stolte av å kunne bidra for våre små heltar.
Publisert: 18.10.24 av Anders Medhus
Lesetid: 3min.