Skip to Content

Pressemelding 29.08.24

Hallingdals langløpsdronning inngår sponsorsamarbeid med Kantefølflak – Chips for fjellfolk

Emilie Fleten frå Gol, ein av verdas beste langløparar på ski, har inngått ein toårig sponsoravtale med Kantefølflak AS, produsenten av “Kantefølflak - Chips for fjellfolk”.

Emilie Fleten frå Gol i Hallingdal har inngått ein toårig sponsoravtale med Kantefølflak AS, som står bak merkevaren Kantefølflak - Chips for fjellfolk. Emilie er ein av verdas beste langløparar på ski og mellom anna regjerande vinnar av langløpa Vasaloppet og Marcialonga samt Ski Classics samanlagt for sesongen 23/24. Ho går for Team Ramudden.

– Som Emilie sin private sponsor håper vi å kunne bidra til at ho fortset den vanvittig sterke prestasjonen frå førre sesong og hevder seg i toppen i årets Ski Classics, seier sponsoransvarleg i Kantefølflak AS, Vetle Misje. Samtidig håper vi at Emilie ved å profilere vår merkevare gjer den meir kjent for alle som enno ikkje har smakt produkta, seier han.

Kantefølflak har sidan starten i 2020 ekspandert til butikkar over heile landet og finst i enkelte daglegvarekjeder nasjonalt, samt fleire lokale kjeder.

– Vi ønskjer å løfte merkevaren vår til nye høgder og vere det føretrekte valet for både fjellfolk og alle som ønskjer å ha med seg noko godt på tur eller berre kose seg med heime ein kveld, seier gründer og dagleg leiar Anders Medhus. Emilie vil vere ein fantastisk ambassadør for oss med si lidenskap for fjell og sport, og si lokale tilknyting til Hallingdal, seier han.

– Eg synest det er veldig stas å ha ein merkevareleverandør med lokal opphav som min private hovudsponsor i vidare satsing i Ski Classics, seier Emilie Fleten. Som toppidrettsutøvarar og langløparar på ski har vi behov for store mengder energi. Nokon vil sikkert bli overraska over kor mykje vi et, og det går spesielt mykje i karbohydratar. Kantefølflak, som inneheld mykje karbohydratar, vil vere eit perfekt supplement til vårt ordinære og sunne kosthald, og så er det lov å kose seg med noko ekstra godt av og til, seier ho.

Både Emilie Fleten og Kantefølflak sikter mot toppen av pallen og håper mange nye forbrukarar får testa Chips for fjellfolk!

Forrige artikkel