Skip to Content

Oss fjell imellom, frå Svalbard til Hallingdal

Idéen om Kantefølflak kom til oss under ein studietur til Svalbard (høgaste fjell Newtontoppen 1712 m.o.h.) i 2016. Eit reisefølgje av hallingar diskuterte alt mellom fjord og fjell, inkludert chips og potetgull. Det gamle dialektordet for potet, kanteføl, vart nemnt, idéen til Kantefølflak var sådd.

Vel heime igjen starta den lange reisa mot det som i dag er ein smakstestvinnar og Noregs tredje registrerte varemerke for potetgull.

I tillegg til mykje prøving og feiling på kjøkenet, søkte vi etter det lokale og autentiske i gamle bygdebøker og andre historiske kjelder. Målet har heile tida vore å bringe eit lokalprodusert kvalitetsprodukt, ein delikatesse blant potetgull, til torget. Der kvart einaste flak også representerer mangfald, bærekraft og kulturarv – eit produkt med ei meining større enn funksjonen.

Meir om dette, reisa som Kantefølgründer, forbrukarmakt, MC-turar og hallingliv er i ferd med å materialisere seg i form av boka «Du kjem ikkje til fjells utan motbakkar». Meir info kjem, følg med!

Kantefølflak har sidan 2019 blitt produsert av Chipsfabrikken AS i Kristiansand som opna same år.