Der fjellfolket finn sin chipsfavoritt
Kvar einaste veke får vi høyre frå fjellentusiastar som leitar etter Kantefølflak i butikkhyllene. Dykk driv oss til å strekke oss endå lenger, for å nå ut til kvar ein krok av landet. Ei stor takk til alle som etterspør oss – saman set vi spor!
På landsbasis er vi stolte av å vere i "frivilligsortimentet" hos Norgesgruppens butikkar som Meny, Spar og Joker. I vårt hjarte, Hallingdal og nærliggjande område, finn du oss også hos Coop og REMA 1000. For dei som er på farten, har vi gleda av å vere tilgjengelege hos MIX-kjeda og Deli de Luca.
På distribusjonssida ruller vi med Asko, DLVRY og ServiceGrossistane. Vi står skulder til skulder med Hallingkost. I HORECA-verda er vi stolte samarbeidspartnarar med NHO Reiseliv og NORES. For dei heimekjære, er vi berre eit klikk unna hos Oda og Dyrket.
Vi brenn for ekte vare, norsk eigarskap, og mangfald i snackshylla. Takk for at du er med oss på denne reisa og vel å støtte norsk-eigde produkt med meining.
Savner du Kantefølflak i din lokale butikk? Kontakt oss.