Skip to Content

Frå vandring i Longyearbyen, og vegen til ei merkevare

Kantefølflaks opphav, del 1.

Alt har si historie. Ta for eksempel isbergsalaten, appelsinen og poteta. Alle ankom Noreg under ulike føresetnader i forskjellige tidsperiodar. Det er angiveleg takka være Theo Holm og McDonald's at isbergsalaten vart introdusert her til lands (1988). Appelsinen fekk fotfeste då Herman Hansen såg forretningspotensialet i den nye frukta. Poteta kom til Noreg med både soldatar, handelsmenn og prestar som hadde studert i København.

Potethistoria – konkret dissimilasjonen frå "Kartoffel" til "Kanteføl" – var fascinasjonen og inspirasjonen for å bygge ein ny merkevare: Kantefølflak.

 

Aller fyrst, litt om denne bloggen. Målsetnaden med bloggen Fjelltid er å dele innsikt, som vi i Kantefølflak AS håpar er til underhaldning – kanskje til og med til inspirasjon – i di oppdaging av flak av kanteføl, steikt i små porsjonar og tilsett krydder. Naturleg sprø.

Ideen om Kantefølflak

Tidleg ein laurdag morgon i april 2016 vandrar sju tørste hallingar frå Carlsberger pub til Svalbar pub på Svalbard. Jan, ein av karane, uttrykkjer eit ønske om noko salt å bite i.

I stillheit, mellom Carlsberger og Svalbar, sender eg ei melding til far min, den gongen redaktør i Radio Hallingdal. Eg spør om han hugsar det særpregne dialektordet for potet i Hallingdal. Nokon i gruppa var trass alt fysne på noko salt, og det verka som det hasta litt med å finne ei løysing. Ein eitt ord lang SMS kom kjapt: "Kanteføl".

Inne på Svalbar pub, salongberusa som vi alle var, seier eg til reisefølget: "Når eg kjem heim, skal eg lage Kantefølflak." Dei avfeiar det som ein fylleidé, men eit frø er sådd. Eg byrjar å tenke på, og snakke om, investeringsmoglegheiter. Ideen om Kantefølflak tar form.

Frå idé til handling

Heime igjen frå Svalbard jobbar far min – tilfeldigvis – med korrekturlesing av ei bok om lensmannsslekta Hamarsbøen i Hol. Han gir meg ein lapp med eit sitat frå boka "Brev Heim, av Torstein Seim". Det er ei fotnote om Ola Hamarsbøen sitt funn av "Kartoffel" i Ulvik, som i 1760 var blitt til "Kanteføl" i Hol i Hallingdal. "Det er derfor vi seier kanteføl i Hallingdal", påpeiker han.

Den vesle historia fascinerer meg så mykje at eg blir inspirert til å ta på meg gründerhatten. Eg vil bygge ein ny, moglegvis sterk merkevare i kategorien snacks i Noreg.

Elevator pitch og StartUpp

Dei første flaka blei laga på kjøkkenet til Kent Artzen hos Hallingdal Catering på Torpomoen. Det var Kent som først meinte at Brunostchips ville være ein vinnar. Vi brukte poteter frå butikken og krydder som eg hadde laga heime, av brun geitost frå Prestholt Geitost.

På den tida jobba eg for Hallingdal Hytteservice som marknadsføringsansvarleg. Min leiar og kollega på den tida, Stian Oland, gav meg ei innføring i uttrykket "elevator pitch" når eg nemnde idéen om flaka. Han hjelpte meg med pitchen. Rettare sagt, han reiv den i filler og ba meg starte på nytt. Pitchen blei seinare brukt i konkurransen StartUpp Hallingdal (2017), og innsalg til kjedekontor, produsentar, leverandørar osv.

Sjå pitch #1 frå StartUpp Hallingdal, her:

Foto: Stian Oland

Behovet for Kantefølflak byrja å vekse. Mitt eige behov var å vise familie og vener at det skulle være mogleg å gjennomføre, og dei som høyrde på og prøvesmakte, fekk eit veksande behov for å smake meir. Kantefølflak måtte produserast i ein eller annan skala.

Hardt arbeid og tilfeldigheiter

Det var aldri eit tema å gi opp. Kan hende eg tar feil, men eg trur det er typisk for gründerar å mangle den eigenskapen, å gi seg. Kvifor stoppe ved første og beste topp, når utsikta er litt betre, litt lenger oppe?  Sjølvsagt skal det nokre tilfeldigheiter til for å lukkast, men ikkje flaks. Ei anna ting eg lærte meg var at "flaks" berre var eit resultat av hardt arbeid og tilfeldigheiter.

Tilfeldigheitene var (og er) det mange av. Frå idéens unnfanging til første kommersielle produksjon av Kantefølflak noterte eg 86 små og store bragder. Fleire av desse går under kategorien "tilfeldigheit".

Eksempelvis hadde niesa mi hatt ei gruppeoppgåve våren 2017 – heilt tilfeldig – om nettopp "Potetens veg frå jord til butikk som potetgull". Etter å ha lest deira presentasjon lærte eg at det var ein spesifikk potetsort som blei brukt til potetgull.

Nysgjerrig som eg var (og er), snudde eg ein pose potetgull på butikken for å sjå kven som var produsent. Eg fekk kontakt med ein potetprodusent på Ruud gård, før eg hadde vridd om tenninga på veg ut frå parkeringsplassen frå butikken. Eg blei møtt med eit åpent sinn, og fekk tak i mine første frøpoteter, med rett type potet for chipsproduksjon (Lady Claire).

Sjølv om prosjektet starta i feil ende (branding før prototype), var det viktig for meg å gjøre så mykje som mogleg etter det eg ville anta stod i læreboka. Sent på hausten 2017 blei Patentstyret heldigvis einig med meg. Kantefølflak blei godkjent som eit registrert varemerke for potetgull i Noreg. Noregs tredje registrerte varemerke i kategorien snacks.

Produksjon i mikroskala

Vinteren 2017 og 2018 gjekk med til å produsere flak på kjøkkenet heime med ekte chipspotet. Mikroskala. Eg hadde verken kompetanse eller nok kapital til å bygge ein eigen fabrikk. I tillegg gjekk tida til å skape kontakt med aktørar (produsentar) for mogleg samarbeid, og å få kontakt med butikkar (kjedekontor) for å sjå på eventuelle moglegheiter for å kome inn på marknaden med Noregs tredje registrerte varemerke for potetgull, som Noregs fjerde aktør i snackssegmentet for potetchips. Alle eg fekk avtalt eit møte med, signerte ei NDA (taushetserklæring) på at dei ikkje kunne gå vidare med idear, varemerke eller smak(!) med mindre eg sjølv var involvert.

Etter ein lang vinter med prøving, feiling, e-postar, telefonar, venting, ulike presentasjonar, produksjon heime og relevant møteverksemd: Første frøpotet (frå Ruud gård) gjekk i jorda i min 3 kvadratmeter vesle kjøkkenhage våren 2018.

Det store spørsmålet i 2018 var om eg kunne klare å bygge ein eigen liten mikrochipsfabrikk i Hol, dersom eg ikkje fekk svar frå den eine produsenten som til då hadde vist mest interesse for å få til eit samarbeid.

Trass i ventinga og alle ubesvarte spørsmål, så fekk eg ei fin lita avling på 2 til 3 kilo chipspotet frå eigen hage. Akkurat nok avling til ca. 20 beger à 50g potetgull. Dette blei grunnlaget for "Vipps4Chips".

Vipps4Chips

Etter ein sommar fylt med mc-turar til ulike historiske stader i samband med potethistoria, kunne eg hauste mine eigne chipspoteter og produsere nokre få og små batchar med Kantefølflak, servert i eigne beger med fyrste Kantefølflak-design. Den fyrste salgskanalen var funnen og testa med hell. 

Haustmarknad i Hol

Bilete til venstre: Den 5. oktober 2018 heldt Ostebygda ein "Yst og Tyst", som er konseptet der øl frå Kinn smakas til med ostar frå Ostebygda. Kantefølflak fekk være med på opplevinga som leverandør og samarbeidspartnar. Her fekk gründaren av Kinn, Espen Lothe, smake Kantefølflak med brunost.

Bilete til høgre: Frå Haustmarknaden i Hol. Der kunne besøkande kjøpe forhåndsbestilte beger à 50g Kantefølflak saman med ei t-skjorte med logo. Konseptet "Vipps4Chips" lever (sporadisk) vidare i dag med Hallingmarken 2023 som ferskaste eksempel. 240 posar på 3 dagar. Vi opererer framleis i småskala.

Vidare vekst

Lokalavisa Hallingdølen har vært (og er framleis) ein god støttespelar. Dei har fylgt med på utviklinga og skrive prisbelønte artiklar om produktet. Artiklane finn du på hallingdolen.no. Søk på "Kantefølflak".

Saman med lokal presse og gode vener i ei lita bygd, blei det tidleg bygd opp mykje optimisme rundt konseptet Kantefølflak. Gode støttespelarar som heiar på konseptet, fascinasjonen for historia, og ikkje minst smaken av Kantefølflak.

Slagsmessig kan vi oppsummere dei fyrste gründeråra med nettverksbygging, mikroskalaproduksjon for lokale marknader, og gode støttespelarar som så at Kantefølflak hadde livets rett.

Nye moglegheiter for Kantefølflak

Det er sent på hausten 2018. Kvardagane flyr av stad med arbeidsoppgåver. Ute er det frisk luft og fjellet kallar. Eg sit på kontoret. Eg har nettopp fått eit endeleg (og brutalt) "nei" frå ein norsk produsent av potetgull, etter å ha venta tålmodig på eit skikkeleg svar. Dei har ikkje moglegheit. Dei kallar det for mogleg kannibalisme, om dei skulle lage endå eit brand under same tak. Nervøs for konkurranse? Eg trur det.

Dagane går. Ein dansk produsent foreslår produksjon i Danmark. Skulle eg då importere Kantefølflak frå landet der dei framleis kallar poteta for kartoffel? For så å distribuere til utvalde butikkar sjølv? Kanskje. I så fall hadde eg jo fått viljen min – å få Kantefølflak ut i handel, i ein eller annan skala.

Ukene går. Det ringer ein ny telefon. Den framtidige fabrikksjefen fortel om planane deira om å bygge ein ny, liten chipsfabrikk i Noreg. Han er nysgjerrig på kva "Kanteføl" er, og lurer på om det har noko med "grøftefyll" å gjøre. Kanteføl, kantefyll, grøftefyll. Joda, det var ein god "icebreaker" i alle fall.

Dei heilt nye aktørane i marknaden hadde høyrt om "prosjekt Kantefølflak", og det frå eit uventa hald for min del. Det som var heilt sikkert, var at alle henvendingane i nettverksbygginga hadde begynt å gi tydelege resultat.

Vidare blir eg invitert til eit møte for å diskutere Kantefølflak og for å sjå på byggeplassen der den nye fabrikken skal stå. Haust blir til vinter, som blir til vår – naturlegvis. Plutseleg finn eg meg sjølv på opninga av ein splitter ny chipsfabrikk der Erna Solberg klipper snora. Forsiktig med å anta noko som helst, byrjar eg å tru på at det kan løyse seg med produksjon av Kantefølflak. Kanskje.

Ein allereie lang historie, korta endå litt meir ned

Første produksjon av Kantefølflak så dagens lys 1. og 2. oktober 2019. I hørselsvernet høyrde eg på NRK P2, medan eg jobba med sortering av flak på samlebåndet i fabrikken. På dag 2 av produksjonen hadde NRK eit innslag om potetens dag. Tilfeldigvis.

Produksjon Kantefølflak

Neste bloggartikkel