Skip to Content

Poteta si historie går fleire tusen år tilbake i tid, til det som i dag er kjent som Peru og Bolivia i Andesfjella. Me skal gi deg eit innblikk i reisa frå "patata" i Sør-Amerika, og fram til "kanteføl" i Hallingdal og Valdres. Me kan rå deg til å nyte ein pose med kantefølflak på reisa, for me har mykje på hjartet. Spesielt om den norske delen av historia.

Frå Sør-Amerika til Europa

Det var ein gong nokre spanjolar som leitte etter gull hjå inka-indianarane i Sør-Amerika. Kor mykje gull dei fann skal me ikkje leggje oss opp i, men heldigvis fann dei meir enn berre edelt metall. Dei tok med seg poteten til Europa på 1500-talet.

Det tok nokre år før europearane fekk smaken for den nye jordfrukta, og det skulle vera ein kunst å dyrke han. Etterkvart slo poteten an på ei klimagunstig øy i Atlanterhavet. Nærmare bestemt Irland. Her vart poteten ein sikker vekst i ellers vanskelege tider for kornavlingar for bøndene på øya. Poteten skal ha vandra fra vest mot aust, innom Spania og vidare til resten av Europa som patata, potatis, potetos – poteto/potato?

Èin teori på kvifor dei seier "kartoffel" i Tyskland og Danmark skal vera at ein litt tunghøyrd pave skal ha trudd han fekk servert "taratouphli" (trøffel). Poteten var jo ein revolusjon, så at det spreidde seg frå "taratouphli" til kartoffel med soldatar og embetsmenn på reise er ikkje heilt usannsynleg.

Ein utfyllande teori på ordet "kartoffel" er at dei avleidde orda Tartuffeln og Artoffel var vanlege i Tyskland på 1800-talet. Via ein såkalla dissimilasjon har så ordet Kartoffel oppstått. Det var for øvrig den tyske Landgraf IV (Hessen-Kassel) som allereie i 1591 nemnde dei italienske orda for potet i sine brev.

"Erdäpfel" vart importert frå det franske "pommes de terre" og resulterte i den historiske nemninga Ertüffel. Og derfrå og til Kartoffel er det jo ikkje så langt, heller.

Frå Europa til Hardanger

Me skal tilbake til opplysningstida på 1700-talet i Noreg. Frå Lolland i Danmark kom den danske prosten Hans Carsten Atche til Noreg og var prest i Aurland frå 1737. Atche skal ha vore på ei handelsreise til Holland (Nederland) der han fekk tak i potet, før han bosette seg i Lærdal frå 1743. På nederlandsk vert poteten kalla "aardappel", noko som direkte oversett blir "jordeple" (eller natureple om du vil). Atche skal ha prøvd å dyrke potet (jordeple) i Lærdal etter handelsreisa si, men det løsna ikkje heilt før han flytte til Hardanger.

I 1757 busette Atche seg på Ullensvang prestegard på Lofthus i Hardanger. Her fekk han ein kollega (klokkar) ved namn Peder Olsen, og det var dei som skal ha dyrka Noregs fyrste potetar (og morelltre) med suksess i 1758.

Prestar vart rekna som den tids embetsmenn, gode på å dokumentere og snakke for seg til mengder av folk gjennom sitt arbeid. Dette kan være årsaka til at historia om Atche er ein av dei mest kjende historiene om den fyrste potetdyrkinga i Noreg.

Frå avlinga til Atche i Hardanger går historia vidare til to nye personar i historia om kanteføl. Dei to personane er Peder Hertzberg (prost i Sunnhordland) og Kristofer Friman Hjeltnes (bonde i Ulvik herad inst i Hardangerfjorden, tett på Hardangervidda, og nabokommunen til Hol).

Peder Harboe Hertzberg

P. H. Hertzberg skal ha vore på besøk hos Atche i Lofthus (Hardanger) og fått med seg nokre potetar i hatten sin, som han tok med seg til Finnås prestegard på Bømlo der han forska vidare på og skreiv ei bok for å informere bønder i Noreg om poteten, i tidsrommet 1758 til 1774. Det same året som Peder H. Hertzberg hausta fyrste avling med potetar på Bømlo (1759) vart den eldste sonen hans fødd. Han heitte Niels Hertzberg. Far og son (Peder og Niels) blir rekna som føregangsmenn innan medisin, vitskap og folkeopplysning på 1700-talet. Faren med si interesse for urtemedisin og dyrking av bær, frukt og potet på garden sin på Bømlo (der han dessutan hadde ein brønn med eit "heilt spesielt vatn" som folk kom langvegs frå for å drikke av, ettersom det skulle helbrede sjukdom og smerte), og sonen med si interesse for legevitskap og klimaobservasjonar på Lofthus (etter 1803).

Det er mykje å skrive (etter å ha lese kildene som det vert henvist til nedst på denne nettsida) om både Peder, Niels og resten av Hertzbergfamilien. Me kan nemne om Niels at han vart rekna som landets fyrste "turistsjef" slik som han promoterte for Hardanger som reisemål (før nasjonalromantikken begynte for fullt) – dessutan sto han i bresjen for ein heilårsveg mellom aust og vest, slik at posten kunne kome fram heile året. I 1818 stikka han opp ein trasé over Haukelifjell, som seinare vart bygd i 1823 og som ein i dag delvis kjenner att som Europaveg "E139". Me kan også legge til at Hertzberg sat i det overordentlige storting som ein av fire representantar frå Søndre Bergenhus Amt i 1814, og at Sebastian Welhaven omtalar han som "et lys for sine fjorde" i eit dikt, skrive om livet hans i 1835. Niels Hertzberg overtok prestegarden på Lofthus i 1803 etter Glahn og Winding. Dette var den samme garden der Atche hadde dyrka sine fyrste potetar i 1758. Hertzberg vart verande der livet ut.

Historia vår handlar om potet, så me overlet ordet om Hertzberg til referansane du finn nedst på denne sida om du vil fordjupe deg meir i historia som følgde etter Peder si bok om poteten og nysgjerrigheita den inspirerte til landet rundt. Boka som Hertzberg skreiv heiter enkelt og greit "POTATOS". Fullstendig tittel: "Underretning for Bønder i Norge, Den meget nyttige Jord-Frugt POTATOS. At plante og bruge, Af Egen Erfarenhed forestillet ved P. H. Hertzberg". Boka kom ut fyrste gong i 1764 og finnst i dag som faksimile-utgåve på biblioteket.

Kristoffer Frimann Hjeltnes

Innst i Hardanger, i Ulvik, budde bonden Kristoffer Friman Hjeltnes. Hjeltnes skal ha vore ein nytenkande og nysgjerrig gardbrukar. Som Hertzberg, fekk Hjeltnes med seg potetar frå Atche i 1758 som han dyrka på garden sin i Ulvik. Hjeltnes dyrka etterkvart potetar av forskjellige sortar frå innland og utland, men Hjeltnes dreiv ikkje berre med potet. Det var på garden hans at "kommersiell" dyrking av frukttrær vart gjenoppteke for fyrste gong etter svartedauen i 1349. Det var på denne garden (Hjeltnes) at fruktdyrkingskulen vart oppretta i 1901 (seinare kjend som Hjeltnes Gartnerskule), og i 2018 at Noregs fyrste og så langt einaste vidaregåande skule med eigen linje for lokalmat vart oppretta.

Frå Hardanger til Hallingdal

Etter Hjeltnes sitt funn av potet (eller "pote" som dei seier i Hardanger) dyrka han potet og gjorde forsking på lik linje med Hertzberg på Bømlo. Hjeltnes dyrka potetar i sju år før han i 1766 skreiv ein anonym artikkel om "kartoffel" til Bergens Addresse-contoirs Efterretninger (seinare kjend som Bergens aftenblad), der han fortel om sine sju års erfaring med jordfrukta.

Ola Hamarsbøen

Øvst i Hallingdal, i ei lita bygd (men stor kommune) kalla Hol, budde gardbrukar og lensmann (samt lærar og handelsmann) Ola Hamarsbøen. Han var sprek, nysgjerrig på alt som var nytt og skal ha teke turen over til Hardanger for å hente seg potet hjå Hjeltnes i Ulvik. Hjeltnes skreiv artikkelen om kartoffel som vart trykt i den tidas avis for Bergen huus stift. (Aviser frå denne perioden finst i riksarkivet sitt kvelv og er ein del av kulturarven vår).

Det er usikkert om Hamarsbøen har fått tak i boka til Hertzberg eller lese artikkelen til Hjeltnes, men sannsynlegvis var det Hjeltnes sin artikkel som utløyste nysgjerrigheita ettersom det skal ha vore på Hjeltnes at Hamarsbøen fekk tak i sin "kanteføl", som stammar frå det danske ordet "kartoffel".

Poteten vart ikkje så godt motteke som mat, ikkje over natta slik ein kanskje skulle tru. Jordfrukta har den eigenskapen at ein kvar potet fungerer som eit frø til nye avlingar og får utvekster etterkvart som tida går og den får meir lys på våren. Det var ikkje mykje kunnskap om verken lagring eller bruk før Hertzberg kom med boka si, Hjeltnes med artikkelen sin og Hamarsbøen med erfaringa si. Faktisk vart dei ni ungane til Ågot og Ola Hamarsbøen berre kalla for "kanteføllaget" av dei andre ungane i bygda, fordi far deira dyrka denne litt merkelege frukta. Heldigvis vart "kanteføllaget" forvandla til eit meir positivt uttrykk etterkvart som tida gjekk.

I 1778 fekk Ola Hamarsbøen ein premie frå "Det Kongelige Danske Landhusholdingsselskab" (etabl. 1769). Han fekk ein premie på fem riksdalar for 20 tønner med "kartoflar". Selskapet valde å styrke premien til Hamarsbøen med ytterlegare tre riksdalar ettersom han var den fyrste i soknet til å dyrke potet. Dette er grunnen til at me likar å kalle kantefølflak for ein "kulinarisk kulturarv fra 1778".

I og med at ein har kalla poteten for "kanteføl" i Buskerud, heilt ned til Hurum ved Oslofjorden tyder det på at Hamarsbøen var den fyrste i fylket til å dyrke potet. Det dialektiske ordet for potet på hallingdialekta er nettopp "kanteføl". Poteten vert kalla "kanteføl" i nedre deler av Valdres også. I den øvste delen, som ligg geografisk nærare Lærdal, kallar dei poteten for jordeple – kanskje som ei følge av Atche sin dyrking av "aardappel"? 

Dersom du vil lese meir om lensmannsslekta Hamarsbøen kan me anbefale at du opnar boka "Brev heim" som Torstein Seim (onkelen til Stian) har skrive. I denne boka kan ein lese brev som tre av sønene til Ola og Ågot skreiv heim når dei la ut på reise til Vestlandet.

Som ein artig faktaopplysning kan nevnast at den eine sonen til Ola og Ågot, Svend, slo seg ned som skipsreiar i vest, og at i huset som han kjøpte på Karmøy i 1789, så finst det i dag ein delikatesserestaurant. Kanskje dei har Kantefølflak som ein del av menyen?

Fleire teoriar

Historia om poteten sin veg til Noreg er henta fra ulike kjelder (som du finn nedst på denne sida). Det finnst fleire teoriar frå opplysningstida om poteten si etablering i Noreg. Handelsfolk skal ha teke med poteten til Noreg via Sverige, sannsynlegvis til Hedmark.

Det finnst dagbøker som viser til tidleg potetdyrking på Sørlandet (rundt 1757), og det skal til og med vera notat som viser til dyrking av potet i Noreg så tidleg som på 1600-talet. Som prost vart ein rekna som embetsmann på 1700-talet, og prestane hadde si utdanning frå København, dei var flinke til både å snakke og skrive for seg – difor er det kanskje lettast å finne opplysningar og dokument frå arbeidet til desse personane.

Me veit også at poteten skal ha kome til Noreg via soldatar som hadde vore på reise, og i ulike former teke seg inn til det norske kjøkkenet.

Landbruket i dag

Det vert dyrka 300.000 tonn med potet i Noreg kvart år. Poteten er faktisk den tredje viktigaste matvara i verda, og det er berre ris og korn (kveite) det vert dyrka meir av.

Historisk sett har råvara redda oss frå hungersnaud under handelsblokkade som følge av krigar og uår med dårleg klima. Du kan lese meir om poteten i det moderne samfunnet på norskmat.no

Hamarsbøenfamilien er i dag produsent av ost, som del av www.ostebygda.no. Kyrne som beita på garden til Hamarsbøen på 1700-talet er i slekt med kyrne som beiter på garden i dag. Dette er grunnen til at me ville ha ein god ostevariant i sortimentet vårt i starten. Den etterlengta brunost-varianten får vi spørsmål om, omtrent dagleg. Hadde det vore opp til oss hadde vi produsert den igjen i morgon.

Her finn du oppdaterte smaksvariantar pr. dags dato.

Me håper kantefølflaka våre fell i smak!