Skip to Content

Eit flak frå utkanten

Kantefølflaks opphav, del 2.

Ved sida av min yrkesretta utdanning held eg på med musikk og kunst. Ein klisjé for å skildre marknaden innan musikk og kunst, for dei som vil opp og fram, er at "utlandet er det største landet". Sett i retrospektiv med Kantefølflak, kan det hende det var denne tankegangen som motiverte meg i si tid òg. Utkanten er den største kanten?

Folk flest bur nemleg ikkje i hovudstaden. Folk flest bur i ei mindre bygd eller by mellom Svalbard og Lindesnes. Då skulle ein kanskje tru at eit produkt som er basert på ei historie knytt til vårt kjære distrikts-Noreg, med alle rare, fine og nokre gonger vanskelege dialektar – heilt klart kunne bli ein suksess basert på dette åleine. Det trudde eg òg, før eg blei skikkeleg kjend med det sentraliserte systemet for varehandel, og omgrepet "kommunikasjonskonsept".

Etter tre år med gründervirksomheit, mellom våren 2016 og 2019, var spørsmåla mange, og svara var vanskelege å få tak i. Var "prosjekt Kantefølflak" heilt på kanten av dumdristigheit, eller hadde Kantefølflak livets rett som ei ny merkevare for potetgull i Noreg?

Innhaldsproduksjon for sosiale medium

Sumaren 2019 blei forprosjektet gradvis avslutta. Eg hadde fått med meg to viktige investorar, som i tillegg til å stifte eit nytt selskap med meg, hadde eigardelar i Noregs minste chipsfabrikk: Den Lille Chipsfabrikken. Eit einmannsprosjekt blei til ei lita bedrift med fleire aksjonærar. Alle med same mål for auge, å selje Kantefølflak i heile Noreg.

Kantefølflak gjekk over i ein ny fase. For å sikre produktets framtid jobba vi parallelt med innhaldsproduksjon for sosiale medium og med å få på plass ein avtale om kommersiell produksjon. Samarbeidet med Den Lille Chipsfabrikken kom stadig nærare ein realitet.

For å styrkje vår tilknyting til landbruket, kontakta eg igjen Arve på Ruud gard. Denne gongen ønskte eg å følgje han gjennom sommaren og dokumentere den kommersielle produksjonen av potet. Like gjestfri som året før, opna dei både låvedører og vaffeljern denne sommaren òg.

Resultatet blei ein bildeserie der vi kunne vise kvardagen til ein norsk potetprodusent og få ei djupare forståing av råvarene bak potetgull (Kantefølflak, red. anm).

Ruud gård

Biletet til venstre, over: Frå besøk på Ruud gard med Kantefølflak frå eigen hage, sommaren 2018. Dei to bileta til høgre er frå 2019 når vi følgde kantefølproduksjonen gjennom ein heil vekstsesong. Vi tok totalt 133 bilete mellom mai og oktober.

Utfordringar i landbruket

Vekstsesongen 2019 baud på ekstra utfordringar. I byrjinga av mai fekk dei uventa mykje snø, som forseinka arbeidet på åkeren med fleire veker. Etter at snøen smelta, måtte produsentane leige inn ekstra mannskap og nokre tungvektere av gravemaskiner for å gjere førebuingar på nytt, legge nye grøfter, og redde jordene.

Trass i desse hindringane heldt vi fram arbeidet med å følgje Arve gjennom vekstsesongen, noko som gav oss verdifull innsikt i dei teknologiske og økonomiske utfordringane bønder og matprodusentar møter på. Underteikna har vakse opp på gard i Hallingdal, og møtte derfor kvar problemstilling med respekt og ei viss forståing.

Landbruket

Når vi fotograferte på Ruud gard, fekk vi òg møte eit kollegium av potetprodusentar som delte sine erfaringar og tankar om teknologiens rolle i landbruket.

Som dei fleste andre yrker har bønder og matprodusentar òg sine kundar. Kundar som heile tida set høgare krav til kvalitet – nesten urimeleg høge krav om du spør meg – og helst med endå litt betre marginar for profitt.

Samtidig som vi følgde arbeidet på garden, heldt utviklinga av Kantefølflak fram. Vi jobba med ferdigstilling av krydderblandingar og siste finpuss på oppskrifta. Dette blei opptakten til merkevara som seinare skulle bli "Kantefølflak – Chips for fjellfolk".

Akkurat no er det i ferd med å materialisere seg ei bok med arbeidstittelen "Du kjem ikkje til fjells utan motbakkar". Her vil vi dykke ned i utfordringane i heile næringskjeda, i tillegg til våre eigne utfordringar som ei lita gründerbedrift i eit stort og allereie etablert marknad, utan budsjett for marknadsføring.

Bileta frå Ruud gard, som var ein av motivasjonane for å starte arbeidet med ei bok, vil vi ta med i den ferdige boka når vi kjem så langt.

Lansering av Kantefølflak

Måndag 20. mai 2019 blei markert som eit viktig augeblink i Kantefølflaks historie. Då klipte dåverande statsminister Erna Solberg snora på opninga av Den Lille Chipsfabrikken.

Eg fekk vere med på opninga, sjølvsagt ikledd bunad, som dei fleste Hallingdølar ville gjort. Men ein handfast kontrakt om produksjon var endå ikkje underskriven. Vi sto no framfor den siste produktutviklingsfasen før dei første posane med Kantefølflak kunne sjå dagens lys mellom fjelltoppane.

Sommaren 2019 blei ei tid med hardt arbeid både på garden, i fabrikken og på kontoret. Vi laga nye nettsider for produktet, gjennomførte ein siste pitch hos NorgesGruppen med prøveposar produsert i august, og sørgde for at alle detaljar rundt emballasjen var i orden før haustonna på garden.

Chipsfabrikk

Dei siste bileta frå Ruud gard blei fotograferte eit par veker før vi endeleg hadde vår eigen chips som fotomodellar, 1. oktober 2019.

Snakk om god timing for innhaldet til våre sosiale medium! Det gjekk rett frå innhausting hos råvareprodusent, til chipsfabrikken, til pakking i dei første posane med riktig varemerke. Alt i ein glidande overgang for våre lojale følgjarar på sosiale medium (link til desse finn du nederst på sidene her).

Chips for Fjellfolk

Som eit resultat av vårt fokus på å knyte produktet til norske verdiar og fjellkultur, utvikla vi konseptet "Chips for Fjellfolk" i løpet av 2020 saman med Torkel og Siv Lien. Våre markante og gjenkjennelege posar med fjell sto i butikkhyllene, februar 2021.

I februar 2021 nytta vi sjansen til å fornye smaksvariantane våre saman med eit nytt kommunikasjonskonsept og forbetra design.

Vår smaksvariant "Salt og grøn pepar" blei bytt ut til fordel for ein litt meir spicy variant "Mango og raud chilipepar". I eitt år levde denne side om side med "Tyting og rumme" – framleis i handel – og "Brunost". Sistnemnde blei i februar 2022 erstatta med bestseljaren Fjellsalt, som til vår glede har fått terningkast 6 i VG og ei stjerne i Great Taste Awards.

Kommunikasjonskonseptet "Chips for Fjellfolk" har hjelpt oss med å finne vår posisjon i marknaden. Konseptet har gitt oss ei verdifull målgruppe å snakke til, som òg resonerer med våre eigne verdiar.

Fyrst og fremst var det bileta som blei sende inn av forbrukarar det første året, som leidde oss til svaret på eit spørsmål vi ikkje visste vi måtte stille før varemerket blei registrert: Kven er vi her for?

Sjå innsendte bilete under. Det kunne vel ikkje vere nokon tvil? Kantefølflak er Chips for fjellfolk.

Forbrukarbilete Kantefølflak

Listing og distribusjon

Den Lille Chipsfabrikken blei starta av ei lita gruppe fjellfolk, som alle er fødde med ski på beina og tursko på skohylla. Saman har vi ein visjon om å skape noko unikt og endå betre. Med Vetle Misje og Terje Marcussen frå Den Lille Chipsfabrikken som medeigara i Kantefølflak AS (den gong Viken Snacks AS), har vi klart å få listing hos Meny, Spar og Joker, samt etter kvart hos Rema og Coop lokalt.

Arbeidet med listing, sal og aukande distribusjon er noko vi jobbar med kontinuerleg. Vi er fast bestemte på å bringe Kantefølflak til fjellfolk over heile landet. Saknar du oss der du handlar snacks? Ta kontakt med vår salssjef Tonny Eriksen.

Innovasjon og inkludering

I samband med kommunikasjonskonseptet "Chips for Fjellfolk" har vi tatt ambisiøse skritt. Vi har, saman med våre lojale forbrukarar, bestige fjell som Mount Everest, K2 og Aconcagua i utlandet (som jo er det største landet), berre for å setje terskelen. Vår ambisjon er intet mindre enn å bestige alle fjell og knausar mellom Galdhøpiggen og nederste kantstein av Operataket i Oslofjorden.

For å inkludere våre kundar i denne reisa har vi utvikla eit unikt system som lar forbrukarar dele sine bilete via ein QR-kode på posen. Dette systemet vil vi kanskje skrive meir om i eit kommande blogginnlegg, men heilt enkelt forklart: Ein skannar QR-koden på posen, deler utsiktsbiletet, og set seg sjølv på kartet med respektive Vandrehistorier.

Kantefølflak chips Mount Everest

Turisthytter og andre stival

Vi hadde frå starten, vinteren 2019 og 2020, nokre små variantar på 70 gram, men så kom det ein viss pandemi og sette kroken på døra for våre (og veldig mange andres) planar. I 2023 lanserte vi på nytt Kantefølflak Fjellsalt 50g for HORECA-marknaden. HORECA = HOtell REstaurant CAtering.

Den nye lanseringa av Fjellsalt i 50 gram blei difor eit nytt stort steg for oss, som vi er svært stolte av. Ettersom vi i 2022 fekk ei stjerne i Great Taste Awards, og terningkast 6 i VG i februar 2022, fekk vi ein anledning til å skryte litt av det på den vesle posen.

Fjellsalt 50 gram blei tilgjengeleg blant anna på MIX Isbjørnbutikken på Svalbard, og vi signerte samarbeidsavtale med NHO Reiseliv Innkjøpskjeden. Betre vilkår på innkjøp for våre kundar, og eit bevis på at vi stadig utvidar vår rekkevidde.

Utsalsstader som har hatt god suksess med vår vesle 50 gram Fjellsalt, er Bergsjøstølen på Ål, Hauane Bed & Breakfast i Lysebotn, og Smak i Lom. For å nemne nokre. Tilgjengeleg på ASKO, DLVRY og ServiceGrossistene.

Framtid og posisjonering

Kantefølflak har begynt å ta ei posisjon. Historia vår byggjer vi som ein varde saman med forbrukarar. Stein for stein. Vandrehistorie for vandrehistorie set vi turmål på kartet. Målet vårt er å skape eit produkt som smakar godt, og som resonerer med målgruppa.

Trass i utfordringane vi møter frå store konkurrentar, har vi noko unikt: Ei sterk historie, eit godt samanskrudd team, og ei lojal målgruppe.

Fjelltid

Bloggen vår Fjelltid er relativt fersk. Vi ønskjer med dette å gi deg eit lite innblikk i vårt arbeid, når vi finn ro og inspirasjon til det. Ønskjer du å vere blant dei som får siste nytt først, så meld deg på vårt nyheitsbrev nederst på sidene her.

Vi arrangerer butikkdemoar når vi kan, og held foredrag når vi blir inviterte til det. Utviklinga av merkevara vår går kontinuerleg, og er eit nitidig arbeid. 

Vi har tatt (og skal ta) val som styrkjer vår posisjon og byggjer eit nettverk av stiar som gir oss betre utsikter. Kantefølflak skal innta nye høgder saman med deg som forbrukar.

Vi har ambisjonar og viljen til å gjennomføre.

Kantefølflak vidare

Forrige artikkel Neste bloggartikkel