Skip to Content

Strikkar du? Det finst ei eiga strikkeoppskrift for fjellfolk. Kantefølhuva er ei lue for dei kaldaste dagane i fjellet, og når du skal pynte deg litt ekstra i byen.

Kort om forhistoria: Familien min består av handverkarar, kreative sjeler og lærarar. Frå denne buketten av menneske har mellom anna niesa mi, Anne, oppstått. Ho såg dagens lys det herrens år 1997. Frys du på øyrene? Ikkje om Anne får bestemme for ein dag.

Strikkeoppskrift for fjellfolk

Strikkeoppskrift for fjellfolk er altså ein ting. Anne er nemleg dotter av ein lærar og ein mekanikar. Ho tok med seg nokre kreative gen i livet. Inkluderer vi bror hennar, Olav, i denne vesle familiesoga, så snakkar vi om ein liten familie som ikkje er framand for verken to hjul i hårnålssvingar eller trugetur i 25 kalde.

Når Annes gommo på den eine sida, og bestemor på den andre sida, begge har framheva strikketøy over iPad under obligatoriske barnevakter sidan barndomen, blir resultatet Ann.e.leis.

Anneleis fekk ei bestilling på Kantefølhuva frå onkelen hennar (underteikna). Om det verkeleg var ei bestilling-bestilling eller ein kjapp kommentar i eit familieselskap, hugsast ikkje med sikkerheit.

Etter kort tid fekk eg følgjande e-post, beståande av 3 ord og 2 bilete:

Her kjem oppskrifta

Kantefølhuva side 1

Kantefølhuva side 1

Strikkeoppskrifta på Kantefølhuva kan du laste ned som PDF her.

Ver kreativ og leik!

Ut frå denne oppskrifta har nemnde Gommo (mormor) strikka (veldig mange) luer, men også panneband, genserar og kanskje også sokkar, for alt eg veit. Bruk oppskrifta som eit utgangspunkt. Leik deg med fargar og uttrykk. Det er veldig hyggeleg for Anne om du taggar @ann.e.leis dersom du legg ut bilete på Instagram av kreasjonen din.

PS. Det er sjølvsagt veldig hyggeleg for oss også om du legg til @kantefolflak eller #chipsforfjellfolk i same Instagrampost. Men det viktigaste er at du ikkje frys på øyrene.

Lukke til!

Kantefølhuva med modell

Forrige artikkel Neste bloggartikkel