Skip to Content

Heia språkarv og matkultur!

Ordet kanteføl oppstod då den danske kartoffel (potet) fyrst kom til Hallingdal for godt og vel 250 år sidan. Dialektordet var døyande til vi gav det ny ære og verdigheit, Kantefølflak.

Vår Chips for fjellfolk skal gje meining og glede, stå for og representere noko større og viktigare enn flak som er utsøkt og spennande krydra. Det vi legg i munnen, og orda vi brukar til å skildre det, fortel noko om kven vi er og kor vi kjem frå.

Ikkje eit vondt ord om alle kopikattane i daglegvaremarknaden, men nynorsk og dialekt is a better language for oss.

Dette er produkta våre.

Kjeldehenvisningar og heile historia

Vil du vite meir om historia om potetens veg til Noreg? Her kan du lese heile historia (langlesing).

På biletet i toppen av sida: Lars Hamarsbøen på stølen i Havsdalen. Lars er etterkomar av Ola Hamarsbøen i vår historie om Kanteføl. Foto: Paul Arthur Lockhart /Ostebygda.