God smak er viktig for oss! Me har utvikla smaksvariasjonar som høyrer med til poteten si reise frå "kartoffel" til "kanteføl" – frå fjord til fjell. Me har takka høfleg nei til glutenhaldige kryddervariantar, og me ville helst unngå å bruke smaksforsterkarar når me fekk moglegheiten til å skalere opp frå mikro- til småskala med kommersielt sal i daglegvare. Me er veldig godt fornøygde med dagens smakar! Me skal fortsette å finne fram dei beste oppskriftene for både Kantefølflak og tilbehøyr. Berre vent å sjå! Sjå her for næringsinnhald.

Kos dykk med våre herlige Kantefølflak!

Produktbilde kantefølflak

Salt & grøn pepar

I det gamle Roma vart saltrasjonar gitt til dei romerske soldatane som løn for strevet. Seinare vart dette erstatta med pengar. Det latinske ordet var salarium (salt), og det engelske ordet salary (lønning) kjem frå dette. Salt var ei dyr og viktig vare, blant anna brukt til konservering av mat. I Noreg har me framleis spor etter handel med salt. Når folket på Austlandet reiste vestover for å bytte til seg salt, følgde dei saltvegen over høgfjellet. I denne smakskombinasjonen har me valt salt ispedd litt fersk, grøn pepar for ei ekstra god smaksoppleving. Sjå her for næringsinnhald.

Produktbilde kantefølflak

Tyting & rumme

Tyting er eit av dialektorda for tyttebær som Ivar Aasen plukka opp. Andre norske namn for tyttebær er: Tutling, tyt, tysling, tytling, typpbær, tippbær og tittebær. Tyttebærplanta veks i heile Noreg opp til 1800 moh., og både bær og blad har medisinsk verknad. Begge deler kan brukast i urtemedisin som både far og son Hertzberg i historia vår, var opptekne av. Tyttebær og rømme er kjent som eit delikat tilbehøyr til matrettar i Nord-Europa. Me håpar du vil bruke flaka i matlaging for å tilsetje "krønsj", eller berre nyte dei som dei er, rett frå posen. Sjå her for næringsinnhald.

Produktbilde kantefølflak

Brunost

Då Ola Hamarsbøen frå historia om kanteføl hadde henta seg kartoffel på vandringa si til Hardanger, kom han heim til garden sin i Hol. Ostebygda Hol har i fleire hundre år vore kjend for utsøkte produkt av ost. Faktisk er kyrne som beitar på stølen til Hamarsbøen i dag, i slekt med kyrne som beita på stølen for cirka 250 år sidan. Slikt blir det god mjølk og ost av! Ein god smaksvariant av ost var difor viktig for oss når me skulle lage flak (chips, eller gull om du vil). Noko av det mest norske me har er jo brunost, eller søtprim som me seier på hallingdialekta. Sjå her for næringsinnhald.

Kanteføllaget

Lag ditt eige potettrykk og send inn til oss...
Smakfull helsing frå kanteføllaget!