Utan distriktet stoppar Noreg – hevdar nokon. Mat er me avhengige av – det kan alle vera enig i. Me hadde blitt veldig fort svoltne, hadde det ikkje vore for den jobben som blir gjort i landbruket kvar einaste dag. Kvardagsheltane står opp medan dei fleste andre søv, for å legge grunnlaget for produksjon av mat.

Chipspoteten

Me starta produksjonen vår i mikroskala med riktig type potet. Av all forsking som skjer på mattryggleik har ein, mellom anna på landbrukshøgskulen på Ås, funne fram til kva for sortar potet som eignar seg best til dei ulike bruksområda. Når me begynte med produksjonen vår, var me så heldige å få tak i nokre sekkar med potet hjå ein større potetprodusent. Potettypen me begynte med heitte "Lady Claire". Dette er ein av sortane som vert brukt i større skala i dag.

I våre sosiale kanaler har vi dokumentert arbeidet med råvaren fra A til ChipsMe fekk med oss nokre sekkar med potet og produserte Kantefølflak med krydder laga av brun geitost frå den prislønte Prestholt Geitost frå Hol i Hallingdal. I veldig liten skala lagde me nokre beger med flak og sparte resten av potetane til våren etter. Desse potetane vart dyrka i ein kjøkkenhage, samt i ein litt større andelshage, hjå Nerol andelshage i Hol. I andelshagen har dei framleis denne og andre typar potet, i tillegg til urter og grønsaker, som i tillegg til andre råvarer frå småskalaprodusentar vert nytta til matlaging på restaurantar og hotell i nasjonalparkkommunen Hol. (Du har kanskje høyrt om både Geilo, Ustaoset, Haugastøl, Dagali, Hol, Hardangervidda, Halne og så videre? Dette er alle små stader i denne kommunen der dei er opptekne av lokale råvarer i matlaginga si.)


Småskala

Vi begynte med produksjon i mikroskala. Testing og feiling for å finne den rette smaken...Kantefølflak er chips (eller potetgull om du vil) som er produsert i liten skala. Eksklusive greier! Det er god gamaldags småskalaproduksjon, sett i forhold til våre store vener i butikkhyllene. At me er små er ein fordel med tanke på kontroll og kvalitetssikring. Me har basert oss på potet frå Hallingdal i Noreg, men for å kunne levere til ei kvar tid, takka vera ein stor etterspurnad, så må me av og til hente potetar frå produsentar utanfor kommune, fylkes- og landegrensene slik som alle dei andre produsentane i Noreg av og til må gjera. Me kan difor ikkje til ei kvar tid garantere for at poteten i posane er frå gardsbruka som me har besøkt og fotografert arbeidet hos, sjølv om det er ein ambisjon og eit ønske frå vår side å bruke mest mogleg lokalt. Les meir om dagens produksjon her.

Potetferie

Gleden av å delta i jordbruket i potetferien 2018Visste du at haustferien me har i skulen i dag, stammar frå landbruket? Før det vart vanleg å leige inn ekstra arbeidskraft var det skoleungdom som fekk æra av å delta i norsk matproduksjon. Ei veke kvar haust fekk ein fri frå skulen for å delta på gardsbruk der det skulle haustast potet og grønsaker. Eit par av bileta under viser at det framleis er slik nokre stader, kanskje med det resultatet at interessa og kunnskapen om kor maten vår kjem frå er aukande. Det er gledeleg.

Me heiar på norsk landbruk!

Norge trenger bonden