Har du høyrt om "kettle chips"? Det er den typen chips me likar aller, aller best. Når me skulle lage flak basert på historia om poteten og den jobben som både Hertzberg, Hjeltnes og Hamarsbøen gjorde for å gjera poteten kjend i Noreg under opplysningstida, var valet naturleg og enkelt. Me ville lage ein kettle chips som var betre på smak og konsistens enn nokon andre du har smakt tidlegare.

Handlaga

Ferske chips ut av den sorte gryte på Den Lille Chipsfabrikken

Ei god norsk omsetjing av begrepet "kettle chips" vil vera "handlaga potetflak steikt i gryte". Det er chipsen du får når du kuttar potet slik me gjer og steiker den med skalet på over svak varme i ei gryte. Skal ikkje si det for sikkert, men ein kan anta at den aller fyrste chipsen vart laga på den måten. I våre sosiale kanalar har me lagt ut bilete av prosessen i mikroskala. Dei same bileta finn du att nedst på denne sida, saman med nokre av bileta frå produksjonen i større skala (som er dei du får kjøpt på butikken).


Sortering av chips. Vi ønsker å levere et premiumprodukt. Kun de beste flakene skal i posen din! Bildet er fra Den Lille Chipsfabrikken.Når etterspørselen vart større enn det me klarte å lage i mikroskala, måtte me finne nokon som hadde same genuine interesse for eit godt produkt som oss. Heldigvis fann me ein liten gjeng med erfarne folk i Noreg som bygde ein ny og liten chipsfabrikk (2019) der dei med glede ville hjelpe oss med eit litt større volum.


Det skal smake godt

Pakking av chips hos Den Lille Chipsfabrikken.Smakane har me utvikla i samarbeid med fagfolk som er opptekne av god smak. Dei er utdanna i kokkefaget og produserer lokalmat i småskala, likar å utvikle menyar for kresne gjestar, eller har på annan måte ei stor interesse for at mat skal smake godt. Det vil med tida kome fleire smaksvariantar frå oss som du kan glede deg til. Les litt om våre smaksvariantar tilgjengeleg i butikken her.

Spør etter Kantefølflak om dei du handlar snacks hos, ikkje har. Me håpar og trur me har ein type handlaga chips som du likar.

Biletene under syner produksjonen i mikro-skala og vidare til småskala for daglegvare, der me er i dag.

Klar for butikk